Velkommen til fagskoleutdanning i Natur- og kulturbasert entreprenørskap

Fagskoletilbudet på Ål vgs fikk dessverre ikke nok søkere til å kunne starte opp studiet høsten 2018.

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

TILSVARENDE STUDIE FINNES PÅ HVAM VIDEREGÅENDE SKOLE I AKERSHUS

LENKE TIL HVAM SIN HJEMMESIDE MED INFORMASJON OM STUDIET FINNER DU her

Saman med Fagskulen Innlandet tilbyr Ål vidaregåande skole utdanning som fremjar nyskaping og grunderverksemd, gjennom fagskule-utdanningen; Natur- og kulturbasert entreprenørskap. Studiet er eit deltidsstudium over to år. 

 

Ål vidaregåande skule er lokalisert i Hallingdal, i Ål kommune.  Skulen har i dag utdanningstilbod innan fleire yrkesretningar, i tillegg til fagskule.  

Me tilbyr ei framtidsretta utdanning med vekt på tilhøva i fjellandbruket, der husdyrhald og bærekraftig bruk av ressursar på innmark og i skog, fjell og vatn står sentralt. 

Fagskulen Innlandet har over 40 års erfaring med fagskuleutdanning og er den største fagskulen i Norge.  

Neste oppstart av studiet er hausten 2018, med søknadsfrist 15.april 2018. 

 Natur- og kulturbasert entreprenørskap inneheld desse emna: 

  • Driftsleiing og økonomi 
  • Frå idè til bedrift 
  • Produksjon av varer og tenester basert på lokale ressursar 
  • Tverrfagleg fordjupingsoppgåve 

 

Studiet er eit tilbod til deg som ynskjer meir kunnskap om oppstart av ny næring, utvikle eigen eigedom eller studere vidare. Målet er å bidra til vekst og gründerskap basert på lokale og regionale ressursar.  

Det er ikkje krav om studiekompetanse for å kome inn, men du må ha fullført utdanning innan naturbruksprogrammet eller ha tilsvarande realkompetanse.

Studiet er lagt opp slik at det skal kunne kombinerast med at du er i arbeid. Det er ti studiesamlingar pr. år. Undervisninga vil vera ein kombinasjon av utferder, gjesteførelesarar, oppgåveløysing og ordinær klasseromundervising. Det vil i tillegg vera noko kvelds- og nettundervisning. Det er obligatoriske oppgåver i alle emne, og ei tverrfagleg fordjupingsoppgåve til slutt. 

Samlingane vil ha hovudbase på Ål vidaregåande skule, men det vil og verta ekskursjonar til aktuelle lokale bedrifter, og evnt med overnatting. 

Studiet har oppstart september 2018.  

Studiet er eit eittårig fagskulestudium gjennomført som deltidsstudium over to år.  

For spørsmål om opptakskrav, studiet og gjennomføring, kan du ta kontakt med Ål vidaregåande skole  

Telefon sentralbord: 32084500

 

Kontaktpersoner:

Anders Eide

Telefon: 90881025/ 32084505

e-post: anders...@bfk.no

 

Gro Torpe

Telefon: 97507264

e-post: gro.t...@bfk.no


Publisert 8. mars 2018, oppdatert 9. mai 2018.