VIKTIG INFORMASJON TIL ALLE ELEVAR OG FØRESETTE VED ÅL VGS

ALLER FYRST: Eg håper at det går bra med deg og at du har meiningsfylte dagar i denne spesielle og merkelege situasjonen som du og landet er i! Og at du lærer nye ting kvar dag og opplever at skulen «ser» deg!

1. DU HAR SKULE, IKKJE FERIE Mange av dykk har kome svært godt i gang med digital læring; FLOTT! Og så er det nokon som må arbeide meir. HUGS: Du har skule, ikkje ferie – stå på! NB: Ta kontakt med lærarane om noko er vanskeleg.

2. BLIR DET KARAKTERAR TIL SOMMAREN?
Ja, det blir det! Og den innsatsen og det arbeidet du gjer heime no, tel akkurat like mykje som når du er på skulen. Lærarane fylgjer med og set vurdering/karakterar på det du gjer. Stå på!

3. BLIR DET VITNEMÅL DETTE SKULEÅRET?
Ja, det blir vitnemål for alle som skal ha dette! Og dette vitnemålet skal du bruke for å kome vidare; enten på meir skule eller når du søker jobb. Stå på!

4. BLIR DET EKSAMEN DETTE SKULEÅRET? Det veit me ikkje endå! Det er Utdanningsdirektoratet (UDIR) som bestemmer dette og dei arbeider med saka. Meir info om dette kjem seinare.

5. YFF-FAGET OG PRAKSIS I BEDRIFT Frå måndag i neste veke er det lov å ha praksis i bedrift i YFF-faget att, for dykk som har det. Dette gjeld i fyrste omgang for vg2. OG det skal skje slik:
1. Bedrifta må ynskje at du kjem tilbake, og ta alle forholdsreglar om smittevern!
2. Det er valfritt for elevane; du må ynskje å ha praksis ute i bedrift og gje skriftleg samtykke til det. (Dersom du ikkje ynskjer praksis, får du digital undervisning heime i staden.)
3. Læraren din tek kontakt med deg og bedrifta. Du skal ikkje gjere det sjølv!


****************


TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED I TILLEGG TIL LÆRARANE DINE?
Har du det vanskeleg eller er bekymra for nokon andre? Me vil gjerne snakke med deg!

Her er telefonliste dersom du vil snakke med andre enn lærarane:

Helsesøster, Anne Kari: 99 59 35 32

Ungdomslos, Norunn: 47 63 76 50

Ungdomshelsestasjonen: Ring og avtal time på tlf. 32 08 52 90

Skulehelsetenesta, Psykisk helse og rus: Margunn tlf. 40 21 08 47, eller Ingeborg tlf. 90 86 56 02.

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Livet er tøft. Men det er jammen du også!!

Og hugs å ta vare på dei som er utanfor. Bruk sosiale media positivt til å inkludere alle!

18.03.2020.


Mbh Arnstein Sørbøen, rektor.


Publisert 18. mars 2020, oppdatert 3. april 2020.