SMITTEVERN OG RESPEKT FOR DEN NASJONALE DUGNADEN

Smittevernreglar og konsekvensar dersom elev bryt reglane

Det er krevande tider for oss alle og me står framleis midt i den nasjonale dugnaden for å hindre C19-smittespreiing. Derfor er det særdeles viktig at alle viser respekt for, og fylgjer opp, dei smittevernreglane me har på skulen. Dette er reglar som er nasjonale og som gjeld for alle vgs-elevar.

REGLAR:

  • 1 m avstand til andre.
  • Handvask med såpe kvar morgon. (Du kan bruke desinfeksjonsmiddel ellers.)
  • Halde seg på eigen sone gjennom heile skuledagen.
  • Bruke bestemt inngang og toalett.
  • Ikkje vere med elevar frå andre klassar i skuletida.
  • Ha med mat og drikke. (Kantina er stengt og det er ikkje høve til å reise til sentrum i friminutta.)
  • Tiltaka gjeld både i timar og i pauser.

 

KONSEKVENSAR DERSOM ELEVAR BRYT REGLANE:

Skulen kan bruke desse konsekvensane mot elevar som viser liten eller manglande respekt for smittevernreglane:

  • Tilsnakk
  • Anmerkning i åtferd.
  • NG eller LG i åtferd på vitnemål/karakterprotokoll
  • Vurdering av opplæring i mindre gruppe/aleine og eventuelt på alternativ arena

  

 

Det er kort tid att og saman skal me klare å stå i dette fram til sommaren.

TA VARE!

 


Publisert 22. mai 2020, oppdatert 24. juni 2020.