Skuleskyss frå veke 20

Informasjon og retningslinjer vedr skyss av skulelevar og reinhald i buss og drosje

Bussane og drosjane følgjer nasjonale retningsliner for skyss av skuleelevar og reinhald i buss og drosje. Brakar har utarbeidd nokre reiseråd som me oppmodar alle om å fylgje. Generelt for skyss er at ein følgjer myndigheitenes rutinar for hand- og hostehygiene før, under og etter reisa. Vis omsyn og hald ein meters avstand når du ventar på skulebussen/drosja. For meir informasjon om skuleskyssen sjå www.brakar.no.

 

For skulebuss: 

  • Gå inn bakdøra på bussen, då framdøra er stengt. Du skal ikkje vise busskortet ditt til førar.
  • Vent på tur når du skal gå på og av, og hald ein meter avstand.
  • Unngå å setje deg på dei to fremste seteradene som er sperra av, av omsyn til førar.
  • Du og ein annan elev kan sitje på same seterad. De skal ha eitt sete og gang mellom dykk.
  • Søsken kan sitje saman.
  • Du skal sitje på motsett sete som det eleven framfor deg gjer.
  • Hugs å feste setebeltet.

 

For drosje:

Det er foreløpig ikkje kome nasjonal rettleiar som omtaler skuleskyss med drosje. Inntil det kjem har Brakar utarbeidd retningsliner for sine transportørar:

  • Det skal ikkje køyrast med meir enn 2 passasjerar i ein 5-seter.
  • For alle andre bilkategoriar, skal det vere eit tomt sete mellom kvar passasjer som sit på same rad.
  • Det skal nyttast mest mogleg fast sjåfør.
  • Alle berøringsflater i bilen blir vaska mellom kvar tur.

 


Publisert 10. mai 2020, oppdatert 29. mai 2020.