Oppdatert informasjon om digital heimeundervisning

Digital heimeundervisning fram til påskeferien

Etter regjeringa sin vidareføring av tiltak mot koronaviruset til 13. april, blir Ål vgs å halde fram med digital heimeundervisning fram til påskeferien. I det store og heile er det mange positive tilbakemeldingar på at dette går etter forholda greitt. Det er ingen optimal situasjon for læring, og det krev mykje av alle. Men me haustar nyttig erfaring kvar dag og søker å bli både betre og tryggare i den digitale tilrettelegginga.

Takk for den positiviteten og det pågangsmotet de elevar viser i desse vekene! Ta vare!

 


Publisert 24. mars 2020, oppdatert 3. april 2020.