Ei gladmelding til alle elevar ved Ål vgs - og informasjon om onboarding elev-PC

No oppskalerer me den tida de elevar skal få opplæringa på skulen – det vil bli gjeve undervisning i mange av faga frå og med veke 22 og fram mot sommarferien

HER finn du oversikt på når dei ulike klassane skal vere på skulen. Kryss i tabellen tyder at opplæringa skjer på skulen. Det er vanleg timeplan som gjeld. Sjølv om me oppskalerer antal elevar på skulen er det framleis dei same smittevernreglane som gjeld. Hugs 1) å halde avstand til kvarandre, 2) god handhygiene, 3) ikkje blande dykk med andre klassar/grupper og 4) bruke tildelt inngang og toalett. Og deler du verkty/utstyr med andre, skal dette spritast når det byter brukar. Kantina vil vere stengt ut skuleåret. Det er kort tid att; så hald ut, dette skal me klare saman!

Onboarding av elev-PC:

Alle PC’ar skal få nytt digitalt innhald før sommaren fordi dei skal vere tilpassa Viken fylkeskommune sine plattformar frå skulestart i august. Og dette må me gjere etter ein plan slik at IKT-ansvarleg skal klare denne jobben med nesten 300 PC’ar før me avsluttar skuleåret. Klikk HER , så finn du oversikt på når din klasse skal levere PC, og få den att. Dette arbeidet gjer at alle, både elevar og tilsette, blir utan PC i eit døger. Og hugs at du må kopiere det du har på harddisken over i skya eller til ein ekstern minnepenn/harddisk før onboarding skal skje. (Alt du har lagra direkte på harddisken blir nemleg sletta.) Du vil få nærare informasjon av kontaktlæraren din.

 

LUKKE TIL MED INNSPURTEN AV SKULEÅRET!

 


Publisert 20. mai 2020, oppdatert 29. mai 2020.