Elevar tilbake på skulen frå veke 20

Alle elevane tilbake på skulen - i ein eller annan form

Hei, alle elevar og føresette!

 

Det er med både glede og forventningar me no kan ynskje alle elevane tilbake på skulen i ein eller annan form.

For å kunne ivareta smittevernrettleiaren som er utarbeidd for vidaregåande skuler vil det ikkje vera mogeleg med full drift, men alle skal få oppleve fleire dagar eller delar av dagar, på skulen.

Som hovudprinsipp har me laga ein plan som har praktisk opplæring på skulen og teoretisk opplæring heime.

Viser til informasjon frå kontaktlærar om kva dag kva du skal skulen, og kva inngang/sone du skal bruke.  Sjå også dette oppsettet om klasser, dagar, inngangar osv

 

Så er det viktig å presisere nokre ting som gjeld for alle, no når de kjem tilbake:

·        Kantina vil vere stengd. Det betyr at de må ta med mat og drikke.

·        Alle klassane får kvar sin inngang, kvar sine toalett og kvar sin undervisningssone som de skal opphalde dykk på. (Eit viktig smittevernprisipp er at me ikkje blandar grupper/klassar.)

·        Fylg heile tida smitteverntiltaka som de blir undervist i fyrste dagen de er tilbake.

·        Fylg også smitteverntiltaka på bussane. (Det skal vere nok og god plass på dei.)

·        Alle som arbeider på skulen vil vere tilgjengeleg for råd og hjelp for at alle skal oppleve at dei blir tatt vare på og verdsett.

 

VELKOMEN – ME GLER OSS TIL FÅ DYKK TILBAKE!!

  


Publisert 8. mai 2020, oppdatert 29. mai 2020.