Digital heimeundervisning

Informasjon til elevar og føresette ved Ål vidaregåande skole

TIL ELEVAR OG FØRESETTE VED ÅL VGS

Det er beslutta digital heimeundervisning for alle elevar i dei vidaregåande skulene i Viken fylkeskommune frå og med fredag 13.mars og fram til påske. Dette betyr:
• Elevane har ikkje fri frå opplæringa, men skal arbeide heimanfrå.
• Elevane skal vere tilgjengelege på mobil og/eller PC innanfor vanleg skuletid. (Altså mellom kl 08.00 og 14.30.) Gjer avtale med kontaktlærar for unntak.
• Dei digitale programma som blir brukt er It’s learning (alle lærarane), SMS/Messenger (for det meste kontaktlærar) og/eller OneNote (for nokre av klassane).
• Elevane skal gjere det arbeidet som lærarane i dei ulike faga gjev dei, og til dei tidsfristane som blir gjeve.
• Det vil bli ført merknader på arbeid som ikkje blir gjort etter lærarane sine instruksar. (T.d. levering etter fristar.)
• Lærarane pliktar å gje elevane arbeid i alle fag.
• Lærarane pliktar å ha tilstrekkeleg vurderingsarbeid i perioda, slik at dei har grunnlag for å setje karakter til sommaren.
• Dersom elevar har utfordring med tilgang på internett eller problem med digitalt utstyr, må dette takast opp med kontaktlærar snarast for avklaring.

UTPLASSERING I BEDRIFT
Elevane skal ikkje vere utplasserte i bedrift fram til påske. Det blir gjeve alternativ digital undervisning i programfaga også. NB: Skulen informerer bedriftane.

HENTING AV UTSTYR OG ANDRE LÆREMIDDEL
Skulen er ikkje stengd, og det er mogeleg å hente utstyr (PC og bøker) fredag 13. og måndag 16.mars, etter avtale. Særskild gjeld dette for elevar som er sett i karantene tidlegare i veka eller er i praksis i dag, torsdag. Elev/foresatt kan hente, MEN DET ER VIKTIG Å UNDERSTREKE AT VEDKOMANDE MÅ:
• Vera symptomfri.
• Ikkje vere i karantene.
• Gjere avtale med kontaktlærar om hentinga. (Dersom kontaktlærar ikkje har høve til å vera tilstades sjølv, gjer kontaktlærar avtale med ein annan lærar/tilsett som leverer ut.)
• Dersom den som treng bøker har sjukdomsteikn eller er sett i karantene av helsepersonell, må denne få ein annan til å hente læremidla for seg.

VED SJUKDOM
Blir elevar sjuke i denne perioda, uavhengig av type sjukdom, gjeld «vanlege» reglar; elevar under 18 år må gje beskjed til kontaktlærar via føresette. Elevar over 18 år gjev beskjed sjølve.

KONTAKTINFORMASJON
Nøl ikkje med å ta kontakt. Men fint om du tenkjer over om spørsmålet ditt skal rettast til; 1) kontaktlærar, 2) faglærar eller 3) administrasjon.
Kontaktinformasjon til administrasjon:

Rektor, Arnstein Sørbøen: arnst...@viken.no Mob. 971 85 435 

Ass.rektor I, Anders Eide: ande...@viken.no Mob. 908 81 025

Ass.rektor II, Sissel Skrindo: siss...@viken.no Mob. 992 87 896

Sentralbordet: aal....@bfk.no Tlf. 32 08 45 00


Fylg ellers med på: www.al.vgs.no 

NB: Ål vgs har ikkje hatt tilfeller av påvist smitte. Dette er eit tiltak som ledd i den nasjonale dugnaden for å begrense unødvendig eskalering av coronaviruset.

TAKK FOR FORSTÅING, POSITIVITET OG GOD SAMARBEIDSVILJE! OG LUKKE TIL MED DIGITAL OPPLÆRING 😊

«Dette har me aldri gjort før – så då kjem det heilt sikkert til å gå bra!» (Pippi.)


Mbh Arnstein Sørbøen, rektor.


Publisert 12. mars 2020, oppdatert 3. april 2020.