Skriftleg eksamen er avlyst

OPPDATERT INFORMASJON – SKRIFTLEG EKSAMEN ER AVLYST

I dag vart det bestemt at skriftlege eksamenar for 10.trinn og for vidaregåande opplæring er avlyst dette skuleåret. Dette skal likevel ikkje forringe muligheitene for elevane å kome seg vidare, enten i jobb eller utdanning. De skal få vitnemål som vanleg. Men altså utan skriftlege eksamenskarakterar. Då betyr dette også at standpunktkarakterane blir viktigare enn nokon gong. Dei vil nemleg utgjere ein endå større del av vitnemålet. Derfor er det viktig at alle skjønar at sjølv i denne perioden med unntakstilstand og heimeundervisning, så har skulearbeidet du gjer same betydning for         standpunktkarakterane som om det vore vanleg skule. Ei annan endring er at lærarane kan vurdere arbeidet ditt heilt fram til skuleåret sin slutt, og ikkje berre fram til eksamen.

For privatisteksamen er situasjonen endå ikkje avklart.

Her kan de lese meir detaljert om regjeringa sitt vedtak:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/eksamen-2020/

LUKKE TIL VIDARE MED DET GODE ARBEIDET!
Og hugs å bruke alle dei gode hjelparane du har tilgang på
😊 

 

Mbh Ål vgs
v/Arnstein Sørbøen, rektor.


Publisert 25. mars 2020, oppdatert 3. april 2020.